– Dei skal ha god kontroll på situasjonen no. Det pågår litt arbeid på staden, men brannen skal vera sløkt, får Strilen opplyst av 110-sentralen i Bergen klokka ni.

Brannen i det ca. 50 kvadratmeterstore lagerbygget i Sognevegen vart meldt i halv seks-tida i dag tidleg.

Lagerbygget skal tilhøyra eit fiskeoppdrett. Det var oppbevart oksygenflasker i bygget, og det måtte brannmannskapa ta omsyn til i slokkingsarbeidet.

Det vart sendt ut mannskap både frå stasjonen på Matre og i Brekke, og etterkvart også frå Duesund.