Naudetatane rykte i 18-tida ut på ei trafikkulykke i Isdalstø i Lindås. Ein mann skal ha hjelpt til med å dytta ein bil som stod fast i ein bakke, då han kom i klem inntil eit gjerde. Vedkommande vart ifølge BA frigjort av folk på staden.
– Truleg har vedkommande hjelpt til med å dytta bilen opp bakken, og så kom foten i klem under bilen, opplyste operasjonssentralen til avisa.
Han skal ikkje ha fått alvorlege skadar, men kan ha fått eit brot i foten. Vedkommande vart i første omgang frakta til legevakt i Knarvik.
Ulykka skjedde på ein sideveg, og ikkje på hovudvegen. Politiet vart igjen i etterkant av hendinga for å gjera undersøkingar på staden.