Det siste døgers ruskever har sett sitt preg på regionen vår. Fleire har komme til stengde vegar då dei kjørte til jobb, skule og barnehagar i morgontimane.

Vegkrøll i Lindås

Ein lesar har sendt oss dette bilde frå fylkesveg 391 Kleivdalsvegen i Lindås.

Uveret natt til onsdag har ført til at greiner, røtter og steinar har komme ned i vegbana ved Sjausetvatnet.

I tillegg til Kleivdalsvegen melde Lindås kommune at tre andre vegar også var stengt frå onsdags morgon.

STENGT: Kleivdalsvegen i Lindås er stengt. Grunnen ser du her. Foto: Privat

«Vatn stenger vegen i Hopsdalen. Entreprenør er på veg, og treng nokre timar på å opna vegen att.»

«Eit jord- og steinras sperrar Nordgardsvegen på Hjelmås. Kommunen sine folk er på veg for å rydde vegen. Det vil ta nokre timar før vi klarar å opne han att»

«Åsevegen er oversvømt på to plassar. Her er det berre passering for høge bilar.»

Vegkrøll på Radøy

Fylkesveg 565 på Slettevegen mellom Marås og Sletta på Radøy var nokre timar stengt grunna vatn i vegbana. I 12-tida er det ifølge vegstellet fri bane ved Haugstad.

Elles har Vegtrafikksentralen hatt meir enn nok å henga fingrane i. Frå både Hordaland og Sogn og Fjordane har det hagla inn meldingar om stengde vegar. Både vatn og skred har ført til at det er umogleg å ta seg fram fleire stadar.

Straumstans

BKK melde onsdags morgon om ein feil på sitt straumnett knytt til postadresser i Eivindvik og Matredal. Feilen førte til at 111 abonnentar var utan straum sidan 7.30-tida.

Etter nokre timar var feilen retta og straumen tilbake.

Foto: skjermskot/BKK

Ferje i rute

På Fedje er ferjetrafikken igjen i rute etter at Utne tysdag måtte legga til kai før det verste uveret var i gang. Grunnen var teknisk trøbbel med baugporten, slik at bilar måtte rygga av ferja.

Som Strilen melde i går så spekulerte meteorologen at det kunne komma så mykje som 60 millimeter regn i løpet av ein sekstimars-periode. Også dei kommande dagane er det venta svært vått ver.