Naudetatane rykte i 15-tida ut til Krambuhaugen på Lindås, der det hadde starta å brenna i ein einebustad.

Ifølge 110 Hordaland var det snakk om brann i ventilasjonen på eit kjøkken.

Etter relativt kort tid blei det meldt at brannvesenet hadde kontroll.

– Ei frityrgryte hadde tatt fyr, den blei forsøkt sløkt utan hell, sa Ole Jacob Hartvigsen i 110 Hordaland til BA.

Brannmannskapar rykte ut frå fleire stasjonar, og etter litt fekk dei altså kontroll.

Det er ikkje sagt noko om kor mange som var i huset då brannen oppstod.

Brannvesenet sende også ein restverdiredningsbil frå Arna for å redda verdiar i bustaden.