Naudetatane rykte i 1140-tida ut til Vetåsvegen på Radøy etter melding om eit trafikkuhell. Meldinga var at ein bil hadde kjørt utfor vegen.

– Det er veldig glatt i området og ein bil har gått utfor vegen. Så vidt eg veit skal ingen vera skadd, seier Håkon Myking på 110-sentralen.

Han fortel at det har vore glatt mange stadar i fylket, der bilar har gått utfor både i Os og Vaksdal. Ingen av desse uhella skal ha ført til alvorleg skade.