Det siste døgeret har det vore fleire utforkjøringar, både på Radøy og elles i regionen.

Olsvollstranda

Klokka 0842 tysdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde kjørt utfor vegbana på Radøyvegen ved industriområdet på Olsvollstranda.

Det var berre éin person i bilen. Vedkommande skal ha komme seg ut, men ha verka noko sjokkprega.

Det er store skadar på bilen, men den står utanfor vegbana slik at øvrig trafikk kan passere.

Éin til sjukehus

Klokka 00.45 natt til tysdag melde politiet om ei anna trafikkulykke i Radøyvegen. Det var berre éin bil involvert i ulykka, og det var føraren sjølv som melde frå om hendinga ifølge BT.

Vedkommande skal ha komme seg ut av bilen for eiga maskin, men klaga over ryggsmerter og blei difor kjørt til Haukeland universitetssjukehus i ambulanse.

Politiet opplyste at det var glatt vegbane på staden.

Vetåsvegen

Ulykka skjedde vel eit halv døger etter ei anna utforkjøring på Radøy. Då kjørte ein bilist utfor vegen på glatt føre i Vetåsvegen.

I tillegg til dette var det også to ulykker i Gulen måndag:

I kartet under kan du sjå trafikkbildet i Nordhordland og Gulen. Grønt betyr at trafikken flyter fint, raudt betyr kø.