Ei hyttedame på Fonnes fann fredag ettermiddag eit nøkkelknippe ved vegkrysset på Nordre Straumshaugane på Fonnes, då ho var ute og gjekk tur.

Sidan har ho prøvd å finna den rette eigaren blant anna på Facebook, utan å lukkast.

Søndag leverte ho difor nøklane inn i Strilen i håp om å få tak i eigarane på den måten. No ligg nøklane hermed på Strilen sitt kontor i Knarvik og ein kan ringja 56 343030 eller vakttelefon 971 51 020 for å få nøklane tilbake.