Ytre Nordhordland demensforening og Meland helselag, i samarbeid med kommunane Lindås og Meland, inviterer til kurs for pårørande og nære vener til den som har demens. Pårørandeskulen er lagt opp med fem samlingar i Meland eldresenter på Frekhaug i januar og februar, med første samling 24. januar.

Godt å møta andre

Demens rammar stadig fleire eldre, men det også eit faktum at stadig fleire relativt unge folk får demens. Men uansett alder, kan sjukdomen snu opp-ned på kvardagen også for dei pårørande. Eldsjelene bak pårørandekurset ser difor tydeleg at behovet for kunnskap og informasjon også blir større.

– I slike situasjonar er det mange som har behov for kunnskap om sjukdomen og korleis ein best mogleg skal takla kvardagen. På samlingane kan ein treffa andre i same situasjon, det veit vi kan bety mykje, seier kommunepsykolog John Petter Wadseth i Lindås.

Han fortel at mange har gitt uttrykk for at samtaledelen på kurset har vore det viktigaste.

Kvar samling er lagt opp med ein time førelesing før pausen, og deretter ein time oppfølgingssamtale i gruppe.

– Det er fint om fleire frå same familie blir med på samlingane slik at dei får same kunnskap og forståing for situasjonen, seier Wadseth. Han kan kontaktast for vidare informasjon og påmelding.