Politi og ambulanse rykte måndag kveld ut til Kvistevegen i Manger, der det hadde skjedd ei trafikkulukke.

– Bil køyrde i fjellveggen, fortel Vest politidistrikt på Twitter.

Ifølgje politiet hadde bilisten låg fart då ulukka skjedde.

Sjåføren fortel om smerte i ei hand og hovudet, opplyser politiet.

Operasjonsleiar Per Algrøy seier at det var sjåføren sjølv som varsla om ulukka i 22-tida.

– Sjåføren fortel at det er veldig glatt i området og at vedkommande mista kontrollen, fortel Algrøy til Strilen.