– Strilen stiller sjølv med to lag. Og: Me oppfordrar Avisa Nordhordland, Nordhordland Næringslag og Meland kommune om å melda på lag i Dørstokkstrilen, seier Strilen-redaktør Stig Erik Elliott.

Her er link rett til påmeldingssida.

Også for ikkje-spreke

Elliott legg vekt på at «konkurransen» ikkje handlar om å vera sprekast muleg, men om å komma seg litt i aktivitet - noko som er sunt både for kropp og sjel.

– På Strilen-laga har me nokre som er spreke, og andre som ikkje er fullt så spreke. Sjølv lurar eg på om me får poeng for å krypa til køys, humrar Strilen-redaktøren.

Alle kan utfordra

Målet med påmeldingsutfordringane er at ein skal få til noko à la dei gode, gamle kronerullingane: Stafetten går, slik at stadig fleire blir med.

– Difor er det òg viktig at dei som blir utfordar tar utfordringa - og igjen sender utfordringa vidare til tre nye. Det treng ikkje vera bedrifter som utfordrar bedrifter: Det kan vera privatpersonar som utfordrar naboen, eller lag og organisasjonar som utfordrar kvarandre, seier Elliott.

Me set «press»

Noko av suksessen bak dei gode, gamle kronerullingane var at folk blei gjort merksame på kven som var utfordra. Strilen har heller ikkje tenkt å lata utfordringar skje i det stille.

– Me håpar at dei som utfordrar nokon, gjer oss i Strilen beskjed. Då kan me laga små saker på strilen.no der alle kan lesa om kven som er utfordra. Du kan senda utfordringane dine på e-post til stig@strilen.no, på tekstmelding til telefon 922 35 766, eller ved å lasta bilde opp på Instagram og nytta emneknaggen #dørstokkstrilen, seier Elliott.