Espeland og Herlandstunnelene i Lindås ved Seim stengte laurdag formiddag på grunn av gjenstand i veibanen.

– Vi fekk melding om ei bøtte av eit slag som kom brått på i ein sving i Espelandstunnelen, vi vel å stenga begge tunnelane fordi dei hengjer saman, seier Marius Råve i Vegtrafikksentralen Vest.

Cirka 12:15 hadde entreprenøren fjerna gjenstanden og tunnelane opna for trafikk igjen.

– Vi trur dette vil gå smertefritt. Vi har fått ein som har ringt og lura på kvifor det vart stengt, hadde det vore mykje trafikk der no hadde vi nok vorte nedringt. Det går nok heilt fint at dei må venta nokre minutt, sa Råve då tunnelane stengte.