Fylkesvegen gjennom Gulen vart natt til torsdag 9. november stengt etter eit jordras ved Molde på Dalsøyra.

Ei kjørebane opna

Etter omfattande grunnundersøkingar vart det like før helga sett i gang med utbetringsarbeid, og etter at steinmasser er fylt på inntil vegen i nedkant vart det søndag opna for trafikk forbi rasstaden.

– Me er komne så langt i gang med den permanente vegen at me no har tatt i bruk den eine kjørebana. Det er difor innsnevra kjørebane og redusert hastigheit forbi staden, seier Leif Henning Øyre i Statens Vegvesen.

Ferdig denne veka

I heile førre veke jobba entreprenørar på staden med å sjekka grunnforholda under vegen.

– Resultata frå desse undersøkingane viste at grunnforholda var vesentleg betre enn det ein kunne frykta.

Det vil framleis pågå arbeid på staden denne veka. Etter planen skal vegen vera utbetra innan førstkommande fredag.

KNUSTE NAUST: Jordmassane knuste mellom anna eit naust. Foto: Christian Bjerga