Det vart meld om to tilfelle av vogntog-trøbbel på fredagsformiddagen.

Masfjordtunnelen

Vest politidistrikt og vegtrafikksentralen (VTS) melde om at eit vogntog hadde fått trøbbel på E39 i Masfjordtunnelen i 10-tida. Bilbergar vart rekvirert og kom til staden rundt klokka 11.25. Rundt 20 minutt seinare melde dei om at vogntoget var vekke og at det igjen var fri ferdsle på staden.

Vegen vart aldri stengd, men førte til redusert framkome. Politiet dirigerte trafikken forbi i mellomtida.

– Kjør forsiktig, oppmoda VTS.

Masfjordtunnelen er ein 4110 meter lang og bratt tunnel. Det siste året har det pågått arbeid i tunnelen for å rusta den opp til EU-standard, noko som har ført til mykje stenging og ledebil-kjøring.

Hylkje

Rundt klokka 10.23 melde politiet at eit vogntog også hadde fått stans på E39 ved innkjøringa til Spar Hylkje. Vogntoget stod midt i krysset, og dette førte til ein del kø i området.

Politiet rykte ut til staden, men etter litt kom vogntoget seg vidare for eiga maskin.