Det var i 17-tida i tysdag ettermiddag at politiet melde om ei trafikkulykke ved Fonnes i Austrheim. Ein bil med tre personar skal ha kjørt av vegen, slik at naudetatar, inkludert luftambulanse, rykka ut til staden.

Ein av desse, sjåføren, blei sendt til Haukeland sjukehus med ordinær ambulanse. Ifølge politiet kan det ha vore snakk om at eit sjukdomstilfelle kan ha ført til ulykka. Dei to andre i bilen skal ha komme frå det utan fysiske skadar.

Ulykka skal ha skjedd i 30-sona i eit bustadområde. Politiet fortel at dei vil følga opp ulykka.