– Det var sterkt å sykla inn til mål i Paris omtrent på dagen 30 år etter at eg sjølv fekk diagnosen blodkreft (leukemi), seier 32-åringen frå Frekhaug.

Ho har brukt litt over eit halvt år på å førebu seg på den lange sykkelturen.

Beintøff overgang

Det begynte med at ho i fjor haust sende ein søknad om å få bli med på Team Rynkeby sin sykkelaksjon til inntekt for Barnekreftforeningen.

I september fekk ho vita at ho var kome med på laget, og få veker seinare starta treninga.

Karina joggar og trenar på treningssenter, så ho hadde eit godt grunnlagt. Likevel vart overgangen til eit proft treningsprogram beintøft.

Starta i spinningsalen

– Me starta treninga i spinningsal. Det var hardare enn eg nokon gong hadde førestilt meg. Me hadde både intervalltrening og maratontrening. På maratontreningane sykla me i 3,5 time. Eg gav alt og var ofte så kvalm og uvel etterpå at eg gjekk rett heim og la meg på sofaen, fortel Karina.

Men den harde treninga gjorde underverk, og etterkvart gjekk det lettare.

I april flytta dei treninga utandørs. Sidan har laget på 24 menn og tre kvinner trent saman tre til fire dagar i veka.

Team Rynkeby har eit godt støtteapparat og eit profesjonelt opplegg. For Karina var det ei stor oppleving å få vera ein del av laget. Foto: Dag Otter Johansen

Nådde målet

Karina bur for tida i Oslo. Difor er ho med på Team Rynkeby sitt Oslo-lag.

Dei sette seg eit mål om å samla inn 1,6 millionar kroner til Barnekreftforeningen, og det ser det ut til at dei skal klare.

Pengar til kreftforskning

Pengane skal i hovudsak gå til forsking på kreftformer som rammer barn.

– For 40 år sidan døydde nesten alle barn som fekk leukemi. Eg fekk kreft då eg var 2,5 år. Då hadde dei alt kome eit langt stykke. I dag er dei komne endå lenger. I dag overlever 4 av 5 barn som får kreft. Men det er framleis mange barn og familiar som vert ramma både av leukemi og andre former for kreft. Å få samla inn pengar til denne saka betyr veldig mykje for meg, seier Karina.

Sjølv fekk ho kreftbehanding fram til ho var fem år gammal, og deretter oppfølging på sjukehuset i ti år. Dermed hadde ho sjukdommen «tett på» gjennom heile oppveksten.

Her er laget til Karina samla. Foto: Dag Otter Johansen

Sterke historier

Mange av dei andre på laget hennar har også opplevd å få kreftsjukdom tett på.

Fleire av dei som var med, var foreldre som hadde mista born i kreft. To av dei fekk ho spesielt god kontakt med.

– Den eine mista dottera si i hjernekreft då ho var 17 år gammal. Den andre mista sonen sin for eitt år sidan. Me snakka mykje saman. Det vert mange sterke kjensler og gode samtalar når ein syklar saman for å samla inn pengar til ei sak som ein har eit så personleg forhold til, seier Karina.

Ho kjente på stor glede og meistring over å vera med på laget, men møtte også på kjensler ho ikkje var førebudd på.

– Eg oppdaga at eg kjente på skuld for å vera ein overlevande. For at eg fekk leva vidare medan andre som fekk kreft som barn, ikkje gjorde det. Det var uventa å kjenna på.

Totalt 3800 km

Sykkelturen vart ei reise på mange plan.

Karina lærte mykje både om seg sjølv og om sykling.

Ho hadde lite sykkelerfaring frå før, men no har ho lagt bak seg mange mil på sykkelsetet.

– Eg har ikkje rekna det ut heilt nøyaktig, men eg trur eg totalt har sykla nærare 3800 km, inkludert turen frå Kiel til Paris som var på ca. 1300 km, seier Karina.

Syklistane i Team Rynkeby vart etterkvart drivne på både landevegssykling og sykling gjennom storbyar. Foto: Dag Otter Johansen
Team Rynkeby starta i 2002. I dag har dei ei rekkje lokale lag både i Norge og andre nordiske land. Foto: Dag Otter Johansen

Betre enn venta

Det var god stemning i laget heile tida.

– Eg hadde berre ein liten nedtur undervegs. Dag 5 hadde me sykla 170 km og hadde 30 km igjen då me sykla feil nokre gongar og heile laget og følgjebilane måtte snu. Då sa eg til sidemannen at «sorry, no går eg inn i meg sjølv og treng å vera stille ei stund».

Alt i alt gjekk det overraskande bra.

Ho og lagkameratane lærte mykje om å jobba som eit lag, og om tekniske detaljar som er viktige når ein skal liggja tett på hjul og følgja kvarandre både opp og ned bratte bakkar og gjennom rundkjøringar og kryss.

Syklistane vart tekne godt vare på av støtteapparatet, som følgde dei undervegs på turen. Foto: Dag Otter Johansen

Sykla i 38 grader

Dei fekk også merka varmebølgja som har råka mange europeiske land.

– På det meste var temperaturen oppe i 38 grader celsius. Det er varmt!

Karina hugsar spesielt den dagen dei sykla innom tre ulike land. Først Tyskland, så Nederland og deretter Belgia. Det vart ein etappe i variert landskap som vart ei spennande naturoppleving.

Ho er motivert til å gjera det same ein gong til.

– Eg kjem til å søkja om å få vera med neste år også, seier ho på telefon til avisa.

Karina Garnes Reigstad frå Frekhaug sykla frå Kiel til Paris saman med Team Rynkeby sitt Oslo-lag. Foto: Dag Otter Johansen

Slappar av i Cornwall

Når Strilen snakkar med henne, er ho og forloveden på hyttetur i Cornwall. Dei skal ta ein velfortent ferie før dei skal tilbake til kvardagen igjen.

Karina jobbar ved den britiske ambassaden i Oslo, der ho er rådgjevar innan forsking og innovasjon. På fritida sit ho i sentralstyret i Miljøpartiet Dei grønne.

Sjølv om ho ikkje stiller som kandidat i kommune- og fylkestingsvalet når ho bur i Oslo, vil ho stå på for partiet i valkampen.

Ho planlegg blant anna ein tur heim til Frekhaug i september fordi ho skal halda innlegg på Mongstadkonferansen 4. september.

Ho har også mykje anna på programmet i haust som ho gler seg til.

– Spesielt valet vert spennande, seier ho.