Politiet blei varsla om hendinga klokka 02.56 natt til torsdag.

Ingen skadde

Det var sju personar om bord i den 80 meter lange lastebåten «Framfjord», men ingen skal ha kome til skade i samanstøyten.

– Det er tilsynelatande ingen skade på brua, så E39 som går over, er ikkje stengt, sa operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til NTB natt til torsdag.

Båten ligg torsdag morgon til kai ved Steinestø. Foto: Erik Støverud

Til Steinestø

Klokka 04.20 melde brannmannskapet at skipet var klar av brua og at den går for eigen maskin.

– Ingen større oljelekkasje frå båten. Den går til kai ved Steinestø, skriv 110 Hordaland på Twitter.

Strilen var på Steinestø på morgonkvisten. Politiet som var der ville ikkje uttale seg, men det er tatt avhøyr av besetninga i løpet av natta. Skipet har tilsynelatande fått store skadar på styrhuset, som traff rett i brua. Ved Steinestø var styrhuset dekt i ei presenning.

Ifølge BT er både kapteinen og styrmannen på lastebåten norske og det er ikkje mistanke om promille. Dei skriv også at vegvesenet vil sende ut spesialistar for å inspisere brua.

Dette kartet viser reiseruta for «Framfjord» før ulykka natt til torsdag 6. juni. Foto: MarineTraffic.com

Eikefet til Kinsarvik

Lastebåten «Framfjord» var ifølge MarineTraffic.com på veg frå Eikefet til Kinsarvik i Hardanger. Før den var innom Eikefet skal skipet ha vore innom kaiane til Frank Mohn Flatøy og på Eidsnes ifølge reiseruta til MarineTraffic. Skipet forlet Flatøy klokka 17.23 onsdag og Eikefet klokka 1.14 natt til torsdag ifølge data som er tilgjengeleg.

Det var altså på returen at fartøyet krasja inn i Nordhordlandsbrua. Seglingsleia under brua er cirka 30 meter høg.

«Framfjord» seglar under flagget til Saint Kitts og Nevis og blei bygd i 1990 ifølge Marine Traffic. Den er eigd av Fonnes Shipping AS, som høyrer heime i Austrheim.

– Ingen er komne til skade og politiet vil etterforska hendinga, seier ein ordknapp Roy Fonnes i Fonnes Shipping.

Nordhordlandsbrua består av ein 1.246 meter lang flytebru i stål og ein 346 meter lang bru med hovudspenn på 172 meter. Total lengde på bruanlegget er 1.610 meter.

Ei gravemaskin på skipet blei most inn i brukonstruksjonen og velta halvvegs over. Styrhuset fekk seg også ein solid trøkk. Foto: RS Kristian Gerhard Jebsen 2
Farøtyet ligg til kai ved Steinestø etter smellen natt til torsdag. Ein kan skimta Knarvik i bakgrunnen. Foto: Erik Støverud
Styrhuset, som her er gøymd vekk plast, har fått seg ein solid smell. Foto: Erik Støverud
Denne karthistorikken viser at «Framfjord» kom frå Askøy før lastebåten tok turen vidare mot Nordhordland. Først var skipet via Flatøy, deretter nordover mot Eidsnes og Eikefet, før det blei bom stopp ved Nordhordlandsbrua. Foto: MarineTraffic.com