Laurdag føremiddag blei ein død mann funne i sjøen ved Bradbenken i Bergen. Den avdøde, ein mann i slutten av 40-åra, er frå Nordhordland og hadde tilknytning til ein båt som låg like ved.

– Det er ikkje noko som tyder på at det er skjedd noko straffbart med tanke på dødsfallet, seier politioverbetjent Jannike Bremar Johannessen ved avsnitt for etterforsking av voldsovertredelser i Vest politidistrikt til BA.

Mannen sine pårørande er kontakta. Avdøde vil bli undersøkt for å få konstatert dødsårsaka.