Rett nok vert det vel neppe trøbbel om du opnar hageslangen for å sløkka ein brann altså, men Lindås kommune har i alle fall bestemt at det frå måndag 28. mai ikkje er lov å vatna plenen med vasspreiar eller liknande, og det er heller ikkje lov å fylla opp noko badebasseng.

Ein stamp til treåringen er kanskje OK, men det er ikkje tida for å investera i eit digert symjebasseng til å plassera i hagen.

Treng vatnet som er

Kommunen opplyser at med den tørken som har vore dei siste vekene, er det ikkje meir vatn att enn at dei treng det sjølve, for beredskapen til sløkking av brannar og normal vassforsyning til husstandane.

Men det er likevel lov å skvetta litt i krukker og bed, slik at ikkje alle sommarblomstane vert til ørkensand.

Også naboane

Også i Austrheim har kommunen melding ute om at ein ikkje skal sløsa med vatnet. Den meldinga er vel naturleg, sidan Austrheim får alt vatnet sitt frå nettopp Lindås.

For Meland er det melding om totalt vatningsforbod, inkludert forbod om å fylla små plaskebasseng. Meland opplyser at det høge forbruket per no gjer at høgdebassenga vert tappa så kraftig ned på dagtid, at kommunen ikkje klarer å fylle dei opp att om natta. For at det ikkje etter kvart skal gå heilt tomt, må ein spara på vatnet.

Fedje vaskar tårnet

På Fedje brukar dei sjansen til å vaska vasstårnet, men det er ikkje meldt om noko sparing når trykket kjem tilbake igjen.

Også i deler av Gulen og Masfjorden er der offentlege vassverk, utan at det er meldt om sparing på vatnet til no.

På denne kanten av landet er det ikkje så vanleg å måtta spara på vatnet. Ein får nyta sommarvarmen så lenge det varer, det vert nok snart vatn nok til alle igjen.