Oppdatering: Mannen var rusa og er lettare skada.

Ein mindre båt gjekk på land i Osterfjorden laurdag kveld.

Politiet fekk ei melding om at nokon ropte etter hjelp klokka 19.24 og naudetatene rykka ut, melder BT.

– Det er litt usikkert kva båten har treft, men personen som var i båten blei tatt med inn til kaien i Molvik. Det er opplyst at vedkommande skal vera skada, uttalte vaktkommandør Sigbjørn Villanger til BA.

Personen blei tatt om bord i ein privat båt som var i området.