Etter deilige veker med sol har det lenge låge i lufta at det vêrgudande «vil slå tilbake». Og dei siste dagars regn har gjort at ein straks kan fyra opp grillen igjen.

Grilling frå fredag

– Nedbør i dag har ført til at det no er opna for skyting på og utanfor skytebaner. Dette gjeld for kommunane Austrheim, Radøy, Meland, Modalen og Lindås. Totalforbodet mot å gjere opp eld utandørs gjeld framleis, uttalte brannsjef Karl J Romarheim ved Lindås, Meland og Modalen i ei pressemelding torsdag formiddag.

Ikkje lenge etter melde brannvesenet at forbodet mot å gjera opp eld også snart er over. Opphevinga for dei nemnde kommunane gjeld frå og med klokka 08 på morgonen fredag 15. juni.

Generelle reglar gjeld

I ei melding frå brannsjefane går det fram at det no er det generelle bålforbodet frå 15. april til 15. september som er gjeldande:

Dette er lov:

  • Du kan framleis grilla eller brenna hageavfall i din eigen hage (kun små mengder). Det er ikkje tillat å brenna søppel i nokon form, heller ikkje bygningsrestar, material eller trevirke som er behandla med maling, lakk, impregnering eller liknande.

  • Grilla på egna stader i for eksempel parkområde eller i strandkanten

  • Du kan brenna bål der det openbart ikkje kan medføra brann, men all bålbrenning er på eige ansvar.

  • Ta omsyn til naboar og miljø. Røyken frå eit bål med hageavfall er ikkje ufarlig.

Uavhengig av godkjenning er all bålbrenning er på eige ansvar.