Politiet søkte rett vest for Rongevær i Austrheim i heile går. No tek dei ein pause til torsdag på grunn av den sterke vinden som er meld.

– Kva som skjer vidare, tek me då, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Dei overtok leiteaksjonen søndag ettermiddag etter HRS som har leita heilt sidan mannen vart meld sakna fredag.

Området det blir søkt i, i dag, er rett vest for Rongevær i Austrheim. Foto: Berg, Gunn Berit Wiik

Er truleg omkomen

Vidare søk no, vil vera etter ein person politiet reknar med er omkomen.

Vangberg fortalte måndag morgon at dei leitar ut ifrå opplysningane som kom fram i helga om at det er funne nokon vrakdelar som kan stamma frå båten på eit skvalpeskjer rett vest for Rongevær. Dykkarar søkte i helga i området utan funn.

I helga deltok også Austrheim kommune i aksjonen med tre båtar. I tillegg har Røde Kors hjelpekorps deltatt med båtar, og norske redningshundar og Norsk Folkehjelp og sivile leita heile helga.

I alt skal 20 båtar, to helikopter og to fly deltatt i leiteaksjonen i strandsona i Austrheim.

Mista kontakten

Det var fredag i 13-tida 56-åringen blei meld sakna. Mannen kom frå Sandnessjøen og skulle til Hjellestad med ein 31 fot fritidsbåt av typen Paragon.

Rydheim blei meld sakna av ein kamerat som mista kontakten med han fredag føremiddag. Han fortalde HRS at det kom ein dunk medan dei to snakka i telefonen og så mista dei kontakten. Å ringja opp igjen, hjelpte ikkje. Rydheim skal ifølgje kameraten vera ein erfaren båtmann.

På dette tidspunktet fekk kameraten inntrykk av at Rydheim nærma seg Bergen, men det vart ikkje snakka om akkurat kor han var.

Sakna sidan fredag

Redningsskøyter, Sea King-helikopter, luftambulanse, Kystvakten, ambulansebåt, losbåt, Røde Kors sette i gang søk etter mannen fredag.

Først gjekk dei ut frå meldinga om at båten var observert nord for Fensfjorden. Då dei ikkje fann spor etter båten der, flytta dei søket litt sørover mot inngangen til Hjeltefjorden. Etter kvart blei søket flytta nordover igjen.

Både namn og bilde er opplyst i samråd med familie, melder operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt i ein pressemelding.

Observasjoner av den sakna båten er av stor interesse og kan meldast til Hovudredningssentralen Sør-Norge på nummer 51646000 eller Politiet sin operasjonssentral i Bergen på nummer 02800.