110 Hordaland melde klokka 13.20 om ei trafikkulykke på fylkesveg 565 ved Sletta på Radøy.

Alle naudetatane rykka ut til staden, der det viste seg at ein bilist hadde kjørt i fjellveggen.

Vedkommande skal ha vore åleine i bilen, og klaga på smerter i rygg og nakke i etterkant. Helsepersonell tok seg av vedkommande.

Det er ikkje sagt noko om vegen er stengt.