Alle naudetatane rykka ut mot Kanalvegen på Lindås kor det blei meldt om ein brann i ein bustad. Umiddelbart melde ein om ukjent skadeomfang, men at det var sett røyk og flammar frå veggen på huset. Hendinga skal ha skjedd i eller ved Lindås senter.

Cirka 19.05 melder politiet at brannen er sløkt. Det skal ha vore brann i kledninga til eit leilegheitsbygg.

– Det har vore brann i eit bustadkompleks like ved Lindås senter. Det skal ha brent i ein yttervegg. Brannvesenet er framme, men eg veit ikkje om det var sløkt då dei kom fram. Det er no ettersløkking på staden, seier vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen i Bergen.

Strilen var i kontakt med operasjonssentralen til politiet laurdag.

– Det har brent utvendig på eit bygg i 3. etasje ved ein takterrasse. Årsaka er ikkje kjend, men politiet var på staden og har oppretta sak.