«Love is all around» heiter songen til Wet Wet Wet, og det kan sanneleg også vera sant. For sjølv om nokon vil seie det berre er hjulspor frå nokon som har rygga i hu og hast, så var det ikkje det Ragnhild på Dekkhuset såg utfor kontorvindauget sitt nyleg.

Også tidlegare har me omtalt dette simple, men likevel vakre «fenomenet».

God valentinsdag til alle lesarar, enten du markerer den eller ikkje!

Har du sett liknande glimt av «kvardagskjærleik» eller laga liknande spor sjølv - del med oss på desk@strilen.no eller via Strilens Facebook-side.

<3: Spor av kjærleik på Hundvin. Foto: Privat