Det var i 13-tida måndag ettermiddag at naudetatane fekk melding om brann i ei hytte i Litlevågsbrotet, på Fyllingsnes, i Lindås.

To personar i huset

– Ståa no er at mannskapar frå Knarvik og Åsane er i gang med sløkking. Det er snakk om ei hytte kor det har vore fyr i takkonstruksjonen. Røykdykkarar er i gang inne og ute, seier Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen ei stund etter at dei første mannskapane hadde komme fram.

– To personar var til stades. Dei kom seg fort ut.

INNSATS: Brannvesen frå Knarvik og Åsane er på plass ved brannstaden. Foto: Maria Fjellstad

Totalskadd

Brannvesenet var godt representert ved hytta, og hadde difor god kontroll på potensiell spreiingsfare til området rundt.

Ifølge Strilens journalist på staden er status klokka 14.25 at skadeomfanget ikkje er klart enn så lenge sløkkingsarbeidet framleis held på, men det skal ikkje vera spreiingsfare til terrenget rundt.

Like etter, klokka 14.33 melde politiet at hytta blei totalskadd av brannen. Dei to vaksne personane som kom seg ut, skal vera uskadd, men ein av desse blir likevel behandla for sjokk. Like etter melde politiet at brannen var sløkt.

Politiet vil etterforske saka vidare. Årsaka er ukjent, men ein teori er at ein vedomn ha samanheng med brannen.

Saka vert oppdatert.

Foto: Maria Fjellstad
Foto: Maria Fjellstad