ARBEIDSGRUPPE: Det er danna ei samarbeidsgruppe som skal jobba for hallen. Frå venstre Ola Jordal, Robert Lorang Hansen, Nina Eide, Grete Stemland og leiar Øystein Holsen (ståande). Foto: Livar Aksnes

Det måtte setjast inn fleire stolar på grunn av stort frammøte då folk på Ostereidet torsdag kveld skulle verta informerte om arbeidet med Osterhallen, ein fleirbrukshall for idrett, kultur og anna som er planlagd bygd i tilknyting til skulane på Ostereidet.

Hallen er alt komen med i Lindås kommune sin økonomiplan, skal etter planen byggjast i 2019 og 2020 og kosta rundt 40 millionar kroner.

– Me vart svært glade då politikarane tok prosjektet med i økonomiplanen, sa Øystein Holsen, som er leiar i samarbeidsgruppa som er danna lokalt for å jobba med planane.

I gruppa sit det representantar både for Ostereidet skulekorps, Eikanger idrettslag og Ostereidet bygdelag, som alle er tenkte som brukarar av den nye hallen i tillegg til skulane i bygda.

Vore flinke

– Eg vil gje ros til arbeidsgruppa. De har vore veldig ryddige og gode ambassadørar for bygda ved å koma med gode innspel, sa ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Ho tykte det gode frammøtet og viste at det er stort engasjement for prosjektet i bygda, noko som lovar godt for framtida.

– Ein fleirbrukshall skal vera ein møteplass i bygda, ikkje berre ein arena for idrett og kultur, sa ho.

Ho trudde den kunne spela ei rolle både for folkehelsa og livskvaliteten til folk i bygdene rundt. Ho understreka og at sjølv om hallen no er komen inn i økonomiplanen, står mykje arbeid att før huset er ein realitet.

– Kom med spennande og gode innspel, og heia på prosjektet. Lokalt engasjement og eigarskap til hallen er avgjerande, understreka ho.

Ulike faser

Også rådmann Ørjan Raknes Forthun påpeika det store engasjementet bygda har vist for prosjektet.

Før ein bestemmer korleis hallen skal utformast, er det viktig å få innspel om kva hallen skal brukast til, slik at ein planlegg ut frå det. Dei økonomiske rammene set sjølvsagt og grenser for kor stort og omfattande bygget kan vera. Hallen er så langt planlagd i tilknyting til idrettsbygget på Ostereidet.

Eit så stort prosjekt må ha ei politisk styring, og enten formannskapet eller levekårsutvalet vil vera styringsgruppe, sa rådmannen.

– Dei må ta stilling til eventuelle overskridingar og endringar i framdriftsplan, sa han.

Rådmannen og understreka kor viktig det er med lokale innspel.

– Det er ikkje alltid kommunen tenkjer rett.

Ny kvardag

– For oss på Lindås har det vorte ein ny kvardag etter at Lindåshallen kom, sa John Helge Walderhaug på møtet.

Han var ein av eldsjelene bak bygginga av denne hallen, og er i tillegg leiar i Lindås idrettsråd.

Walderhaug sa at Lindåsbygda no har fått ein verkeleg samlingsstad, som er flittig i bruk både på dag— og kveldstid av folk i alle aldrar. Noko av grunnen til suksessen meinte han var at ein har greidd å gje folk på Lindås eit eigedomstilhøve til hallen.

– Og så er det veldig viktig at folk kjenner seg velkomne når dei kjem til hallen, og det har me mellom annan oppnådd med inngangspartiet og kiosken.

At biblioteket er lagt til hallen, har og auka besøket.

– Eg vil gratulera folk på Ostereidet med vedtaket om å ta Osterhallen inn i økonomiplanen, sa Walderhaug.

Han sa og at det er viktig å tenkja framover når hallen skal planleggjast, ikkje berre sjå på behova i dag.

Trena i hallen

– Eg er med på Eikanger IL sitt juniorlag i fotball. Me må no ha treningane i Nordhordlandshallen, men viss me får ein hall her, kan me ha treningane der, sa Henrik Fanebust, ein av mange som hadde møtt fram.

Fanebust såg og for seg at hallen kunne romma konsertar og andre aktivitetar i bygda.

Hans Egil Storheim frå Alversund lurte på om ein hadde vurdert eit samarbeid over kommunegrensa mot Masfjorden.

– Kanskje det og kan gje meir spelemidlar til prosjektet, sa han.

Ordføraren peika på at kommunen har mange investeringsprosjekt framover, mellom anna nye skular i Alversund og Knarvik. Ho såg difor ikkje for seg at Osterhallen kan skytast fram i tid, men ho sa samstundes at økonomiplanen er eit dokument som er bindande for politikarane.

Arbeidsgruppa lova å orientera om framdrifta for prosjektet på ei eige heimeside og Facebook. Etter møtet kunne og folk som er interesserte i å gjera ein innsats for hallen, teikna seg på lister hos arbeidsgruppa.