Det er to belgiske fårehundar som er sakna frå Leikvoll i Austrheim. Etter at nokon hadde gløymt å lukka porten smatt dei to hundane ut, og trass omfattande leiting er dei framleis vekke onsdag kveld.

– Me er fleire som har vore rundt og leita etter dei både i går og i dag, seier Mette Nordgulen.

Dersom nokon skulle treffa på dei to hundane, som heiter Tilla og Aila, blir Nordgulen veldig glad for å få ein beskjed på telefon 469 24 192.

– Dette er mor og dotter, den eine fire år og den andre snart sju år gamal. Dei heldt nok saman, seier Nordgulen.

Dei to belgiske fårehundane er vane med å kjøra bil. Dersom ein har stasjonsvogn og opnar bakluka og seier «hopp inn», så er det gode sjansar for at dei gjer nettopp det, og kan kjørast heim til Leikvoll.

– Dei kan bjeffa og gje lyd frå seg, men dei er kjempesnille.

Hundane har bra med både pels og underull, så temperaturen skal ikkje vera noko problem.

– Eg trur og håpar at dei heldt seg i området.