Det er Bergensavisen som har fått innsyn i søkarlista til stillinga som ny Skyss-direktør.
Atten søkarar
Tidlegare år gjekk Oddmund Sylta av og over i ei anna stilling i fylkeskommunen. Då hadde han vore direktør sidan Skyss vart oppretta i 2007.
– Oddmund Sylta har gjort ein formidabel innsats gjennom mange år, og det vil eg takke han for, uttalte fylkesordførar Anne Gine Hestetun då nyheita blei kjent i sommar.
No har atten personar søkt på stillinga for å føra Skyss vidare inn i framtida. Blant dei er det også nokre lokale namn:
John Martin Jacobsen frå Meland. Han er seksjonsleiar i vegseksjonen i fylket.
John Fredrik Wallace har sidan 2016 vore næringsrådgjevar i Meland.
Pål Kårbø bur i Meland og er fylkesvaraordførar i Hordaland. Strilen skreiv om han i sommar då han gjekk ut av Kristeleg folkeparti (KrF) og sa han vurderte å melda seg inn i Høgre.
– Må søka jobb
– Eg har tenkt mykje i sommar, og følte det var viktig å ta ei avgjerd no når nominasjonsprosessen til neste val er i gang, sa Kårbø då.
Men eit par månadar etter var han tilbake i KrF.
No vurderer han altså å bli direktør i Skyss.
– Eg er i ein situasjon der eg aktivt må søka meg ny jobb. Eg kjenner at mitt engasjement og min kompetanse, knytt til kollektivtransport, gjer at eg meiner at eg har ein del å tilføra som direktør for Skyss, uttalar han til BA.
Pål Kårbø, 45 år | fylkesvaraordførar, Meland, mann | ||
Arne-Christian Haukeland, 49 år | administrerende direktør, Luxembourg, mann | ||
Håkan Karlsson, 44 år | administrerende direktør kommunale bosteder og eiendom, Älvkarleby. | ||
Monica Nyhagebråten, 48 år | kommersiell direktør, Bergen, kvinne | ||
Khashayar Govahi, 34 år | arbeidssøkar, Alborz, mann | ||
Leif-Arne Korneliussen, 47 år | service manager Nordic, Askøy, mann | ||
Jørn Kåre Bjørnå, 51 år | arbeidssøkar, Bergen, mann | ||
Målfrid Vik Sønstabø, 50 år | konstituert direktør Skyss, Fjell, kvinne | ||
Åshild Lussand Sønsteby, 47 år | avdelingsleder, Bergen, kvinne | ||
Kåre Gert Monsen, 52 år | avdelingsdirektør NAV familie og pensjonsytingar, Bergen, mann | ||
John Fredrik Wallace, 54 år | næringsrådgiver, Lindås, mann | ||
Knut Erik Reigstad, 33 år | konsulent, Bergen, mann | ||
Johan C. Haveland, 50 år | leder passasjertransport, Bergen, mann | ||
John Martin Jacobsen, 45 år | seksjonsleiar, Meland, mann | ||
Victor Olaniyi, 30 år | Olang autos management, Lagos, mann | ||
Søkar ikkje offentleg | mann | ||
Søkar ikkje offentleg | kvinne | ||
Søkar ikkje offentleg | mann |