Det melder smittevernlege i Meland kommune, Tord Moltumyr.

I dag, fredag, gjekk han ut med informasjon om utbrotet og ei åtvaring om at folk må tenkja seg om for å unngå spredning av viruset.

Kraftig omgangssjuke

Noroviruset gir kraftig omgangssjuke. Viruset er svært smittsamt og sjukdommen kan vera alvorleg for personar som i utgangspunktet er svekka.

– Det er sett i verk lokale smitteverntiltak for å forsøke å avgrensa utbrotet. Besøkande til sjukeheimen vil og kunna bli råka av viruset, og bør derfor kjenna til auka smitterisiko. Personar med immunsvekking eller små barn bør vurdera å utsetja besøk til sine pårørande fram til utbrotet er over, seier Moltumyr.

Skulane åtvarar også

Også på skulane merkar dei at det er ein del sjukdom no. Sagstad skule har gått ut med informasjon til foreldre.

I ei melding på sine nettsider skriv dei:

«Spysjuka florerer på skulen no om dagen, og då er det viktig å minna om at eleven ikkje skal på skulen igjen før det har gått 48 timar etter siste gang han eller ho kasta opp. Fint om alle tek omsyn til dette, så får vi kanskje minska utbruddet».

Det beste rådet Moltumyr kan gje for å hindra spreiing av smitte er god handvask med vatn og såpe.

– Det er alfa og omega, seier han.

Andre gode råd finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider.