Det seier Nils Medaas i Lindås og Meland Brannvern, i samband med at Trafikksikringsutvalet (TSU) i Nordhordland no kjører i gang sin refleksaksjon i samband med brannvern, politi og kommunale etatar.

– Målet må vera at ein ikkje ser nokon langs vegen utan refleks, seier Medaas.

– Det tek litt tid å innarbeida haldningar om å bruka refleks. Men sjå berre korleis det har gått med andre sikkerheitstiltak, anten det er bruk av redningsvest på sjøen eller hjelm når ein er ute på sykkeltur. No har nesten alle hjelm når dei syklar.

For andre år på rad har TSU Nordhordland kjøpt inn refleksmateriell for 150.000 kroner, og rundt 12.500 refleksband, refleksvestar og anna materiell skal ut til innbyggarane i regionen. Investeringa er finansiert gjennom støtte frå Gjensidigestiftinga og Hordaland Fylkeskommune, i tillegg til at kommunane som er med i aksjonen også har bidratt.

– Ikkje ei privatsak

– Det er ikkje ei privatsak å bruka refleks, dette er ikkje noko du kan velja sjølv. Alle har eit ansvar for å bli sett i trafikken, seier Rolf Henning Myrmel, som er brannsjef i Austrheim.

– Skal eg bli gjort til drapsmann i trafikken på grunn av at du ikkje vil gå med refleks? Dersom du ikkje blir sett, og så blir påkjørt, har det store konsekvensar ikkje berre for deg og din familie, men også for den som kjører bilen og familien rundt der.

Lensmann i Masfjorden, Gulen og Solund, Ivar Holmaas, er også oppteken av det er eit individuelt ansvar å rusta seg slik at ein blir sett i haustmørket.

– Alle må forstå kva risikobilde det er å ikkje bruka refleks. Og refleksbruk er like viktig på stader der det er veglys. I situasjonar der det er regn og haustmørke, og gjerne ein bil som kjem i mot og blendar, er det ikkje lett å sjå fotgjengarar i vegkanten, seier Holmaas.

Fellesaksjon

TSU Nordhordland har altså for andre år tatt initiativet til ein felles refleksaksjon for kommunane, og skal framover seinhausten dra i gang både haldningsskapande arbeid og konkrete aksjonar rundt om i regionen. Kanskje vert det nettopp deg dei stoppar, med ei refleksgåve og ei hyggeleg oppmuntring til bilistar og fotgjengarar.

– Det er kjekt å kunna samla regionen til dette arbeidet i år igjen, seier TSU-koordinator Gunn-Torhild Ramslien, som i tillegg til Nordhordland og Gulen også har med seg Solund og Askøy i årets refleksaksjon.

– No framover vert kveldane berre mørkare og mørkare. Kanskje tenkjer du ikkje på refleks når du skal ut ein tur på ettermiddagen, men så er det heilt mørkt når du skal heim igjen.

Det gjeld å ha refleksen med seg, slik at ein er budd på kveldsmørket. Og kanskje helst to refleksar, slik at du også har ein til å gje vekk til turkameraten din.

– Rimeleg forsikring

– Det er fleire trafikkulukker i vinterhalvåret enn elles, og nokre dagar kan me vera ute på fleire ulukker, seier Svein Arne Hatlevik hjå politiet i Nordhordland.

– Det me ser, me som er ute på ulukkene, er sorga, redselen og frykta hjå dei som vert råka. Og så veit me at det å bruka refleks er den desidert rimelegaste forsikringa for å unngå å bli påkjørt. Og aller helst refleksvest, då blir du mest synleg, seier Hatlevik, og får støtte av sin politikollega Holmaas.

– Å brukas vest er det aller beste, seier Ivar Holmaas.

– Ofte er det slik at folk ikkje forstår kor vanskeleg det er å bli sett som fotgjengar, før dei opplever situasjonen frå andre sida, i bilen. Om alle mjuke trafikantar brukar refleks, kan me klara å gjera trafikken tryggare.

Yngste ofte flinkast

– Ein ser gjerne at dei yngste er veldig flinke til å bruka refleks, men så er det færre som brukar refleks frå 15 år alder og oppover, seier Ole Johan Ingebrigtsen i førebyggande avdeling i Nordhordland og Gulen interkommunale brannvern.

– Det gjeld for syklistar og fotgjengarar å bruka refleks og refleksvest, så vil du også oppleva at bilistane ser deg mykje tidlegare, og tek meir omsyn til deg i trafikken.

Dei verste tilfella er gjerne der fotgjengarar ikkje brukar refleks, og så i tillegg er lite merksame sjølve.

– Dei kan ha øyrepluggar med musikk på øyret, og blikket festa på mobilen. Då er alle sansar ute, seier Karl Johannes Romarheim, som er brannsjef i Lindås, Meland og Modalen brann og redning.