Fire sauer vart påkjørt og drept i Slottsporten-tunnelen i Modalen i løpet av helga melde Vest politidistrikt søndag.

Det er uvisst når påkjørsla fann stad, men det skal ha låge nokre bildelar att i etterkant.

– Dei ligg døde på begge sider av vegen, men alt vil gå som før og tunnelen vert ikkje stengt. Vi kjører fram for å undersøka saka, men det er ikkje sett nokon kjøretøy eller personar knytt til påkjørsla, sa Frode Kolltveit ved operasjonssentralen.

– Det er eigar sjølv som har ringt oss etter at nokon hadde passert og sikkert visste kven som eigde dyra. Du er pliktig til å melda frå ved påkjørsel av dyr, understrekar Kolltveit.

Politiet ønsker tips frå publikum som har kjennskap til denne hendinga, har vore i området eller har gjort observasjonar av kjøretøy som er påført skade.