SISTE KL 2115: Fv 565 ved Storheimstøkrysset er opna for trafikk igjen etter å ha vore stengt i nærmare 16 timar. Det melder vegvesenet.

Meldinga om trea ved Storheimstø kom inn like før klokka fem natt til torsdag. Sjølv om det er ein ganske så trafikkert veg tok det svært lang tid å få rydda vegen.

Og med fylkesveg 407 over Sæbø som omkjøringsveg gjekk det ikkje nett fort å kjøra rundt når «nyevegen» var stengt. Klokka 17.00 torsdag kunne folk i køen melda at trafikken over Sæbø stod heilt i ro, etter ei utforkjøring.

Ei salig blanding av bilar, bussar og tungkjøretøy gav kaotiske tilstandar på den vanlegvis ikkje så trafikkerte vegen om Sæbø. Fleire snudde i køen og kjørte om Austrheim.

Har tatt ut skog

Det er felt ein del skog ved Storheimstø i år, og det er tydeleg at dei trea som står att ikkje har hatt røter til å ta vinden rett imot.

Dermed var det enten å smøra seg med tolmod, kjøra om Austrheim – eller (om mogleg) halda seg heime.

Ordna i Lindås

I Lindås gjekk ting litt radigare. I løpet av dagen blei det fritt fram både i Hodnesdalen, Kleivdalen, i Leknesvegen og på Stranda.

Har du stormbilde? Send til desk@strilen.no eller via vår Facebook-side.

INNESTENGT: I Hodnesdalen jobbar kommunen framleis med å rydda vegen. Foto: Oddmund Eidsheim