Fredag blei eit lite mareritt for reisande på E39 gjennom Åsane. Kø, kø og kø er stikkorda.

Førarlaus bil

Det var politiet som i 14-tida melde om at ein parkert bil hadde trilla ut på E39 i nærleiken av Shellstasjonen på Haukås. Det enda med at bilen trefte tre bilar på hovudvegen.

Naudetatane rykte ut, men det vart ikkje meldt om personkadar, berre materialle skadar.

Motorstopp og straumbrot

Vegtrafikksentralen bad folk vera obs på kø i området, og fleire rapporterte om lange køar gjennom Åsane og i Salhus.

Ikkje lenge etter denne hendinga kom det ifølge BA meldingar om at ein bil fekk motorstopp i det same området. Som toppen på kransekaka var det også eit straumbrot i området, som førte til at trafikklysa på Haukås blei slått ut.

Dermed blei dei lange fredagskøane i Åsane endå nokre kilometer lengre og treigare enn dei pleier.