Like før halv 1 natt til laurdag fekk brannvesen ein telefon frå ungdom på Manger som hadde høyrt ein brannalarm og kjente svilukt. Brannalarmen kom frå Manger senter i Radøy kommune.

– Brannvesenet køyrte ut til senteret. Då dei kom fram var det mykje røyk, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Det skal ikkje ha vore flammar då brannvesenet kom til staden.

Ifølgje 110-sentralen hadde det byrja å brenne i ein fryseboks på ein matvarebutikk i bygget.

– Politiet har oppretta ei sak på hendinga, fortel Algrøy.

Karl-Arne Røyseth i 110-sentralen trur det kunne gått mykje verre om ikkje ungdommane hadde høyrt brannalarmen og varsla brannvesenet.

– Dei fortener all skryt. Det kunne vore mykje større skade om vi ikkje fekk telefon så tidleg, fortel Røyseth.

Kor store skader butikken har fått som følgje av røyken, er usikkert.

– Det har vore god røykutvikling, så eg vil nok tru det kan vere skade i butikklokale. Truleg må nokre matvare bli erstatta på grunn av all røyken.