– Eg har delteke på mange slike ringeaksjonar, men tidlegare har det føregått frå Bergen. Det at me samlar oss her for å ringja lokale bedrifter, er nytt i år, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Lindås-ordføraren var ein av ordførarane som brukte eit par timar på ettermiddagen på å ringja rundt til næringslivet i Nordhordland og oppfordra dei til å gje.

Sidan Lindås er ein stor kommune, hadde Byrknes også alliert seg med fylkesvaraordførar Pål Kårbø. Dei to delte lista med Lindås-bedrifter mellom seg, og ringte til blant anna Strilen og Nordhordland.

«Mindre alene sammen»

Meland-ordførar Øyvind Oddekalv var også på plass, med oransje sjal for anledninga som referanse til nettopp Kirkens bymisjonen sitt arbeid.

– Pengane som vert samla inn i år, går til spesielle innsatsområde for Kirkens bymisjon, fortel Ingrid Deisz Horne, fylkesaksjonsleiar for Hordaland.

«Kom inn for natta» er eit tilbod til menneske som har eit akutt behov for ein stad å sova.

«Kom inn i kvardagslivet» er eit tilbod der ein blant anna jobbar for fleire arbeidsplassar for personar som fell utanfor Nav-sitt tilbod, og for å gi menneske med økonomiske utfordringar moglegheit til å låna gratis utstyr til fritidsaktivitetar.

«Kom inn i samfunnet» går på aktivitetar for inkludering både av menneske frå ulike nasjonar og inkludering på tvers av generasjonar og på andre måtar.

God start

Horne rettleia ordførarane og politikarane frå Nordhordland, under den lokale ringjedugnaden. Og aksjonen fekk ein god start.

Mongstad vekst og Industriutvikling Vest er namnet på to aktørar med lokale i Dampen, der ringjekorpset var samla, og dei to selskapa gav 15.000 og 5.000 kroner til aksjonen.

Mottoet for årets TV-aksjon er eit varmare Norge. Ringjedugnaden som ordførarane i Nordhordland deltok på, er ein nasjonal dugnad retta mot næringslivet. Og frå søndag av kan også privatpersonar gi pengar til aksjonen.

– Me håpar mange har lyst å gi, og me har også bruk for fleire bøsseberarar i mange av kommunane her, seier Horne til Strilen, og oppfordrar folk om både å gje pengar og litt fritid og bli med som bøssebærar.

Kan du tenkja deg å gå med bøsse, så kan du melda deg på via nettsida blimed.no

– Det er berre å registrera seg med namn og kontaktinformasjon og så velja kva kommune og område ein ønskjer å gå i, seier Horne.

Kjem inn i samfunnet

I Kirkens bymisjon i Bergen vil pengane blant anna gå til det såkalla Veiviserprosjektet. Det går ut på at ein etnisk norsk person, ein innvandrar som har vore her lenge og ein ny innvandrar møtets jamleg for å bli kjent med kvarandre. På denne måten kjem innvandrarane lettare inn i samfunnet og alle får ei betre forståing for kvarandre, forklarer Anita Bakken i Kirkens bymisjon i Bergen.

Kjem inn i kvardagen

Eit anna viktig prosjekt dei treng pengar til, er Kreaktivt verksted. Det er eit tilbod retta mot rusavhengige, og som handlar om å få dei i aktivitet i kvardagen.

– Hjå oss får dei vera med å skapa ting gjennom for eksempel maling og dikt, seier Bakken som også sit i den lokale aksjonskkomiteen med Astrid Aarhus Byrknes og Per Ole Ekker i Frivilligsenbtrlaen.