SISTE KL 13.03: Vegen er opna igjen etter ha vore stengt i mange timar.

Fv 565 Solendvegen, vegen som går mellom Marås og Manger, var stengt i fleire timar fredags formiddag etter at eit tungbil kjørte utfor støypekanten torsdag kveld i ned-/oppkjøringa til Lifjellet på Manger-sida.

Viking redningsteneste kom til staden i 9-tida fredag og trengte ei god stund på kjøretøyet opp på asfalten att.

– Vogntoget gjekk ut for der i går, og no er dei i gang med berging. Det er mogleg det kan ta ei god stund, ein veit aldri heilt med ting som dukke opp undervegs. Så det kan ta nokre timar, er meldinga frå Vegtrafikksentralen til Strilen klokka 10.30 fredag.

Foto: privat