– Det var fantastisk kjekt, og dette gjer jobben vår med å trena og øva utruleg mykje lettare, seier Frode Skår, som er ein av mange frivillige på Redningsselskapets lokale skøyte: RS Utvær.

HLR-dokke og sporbar bøye

Då Norva24 opna sitt store nye verkstads- og administrasjonsbygg i Sløvåg, var dei i det gåvmilde hjørnet. Dei skjenka det frivillige sjøredningskorpset ei heilt ny hjarte-lunge-rednings-dokke, fem kart og navigasjonssett, og ei sporbar bøye som kan bli brukt på oppdrag til havs.

– Den bøya kan me bruka til å markera ting viss me er ute på oppdrag, og må inn til land av ein eller annan grunn. Då festar me bøya og dermed driftar den same veg som det som ligg i sjøen. Då får me den opp i kartbildet vårt og kan kjøra rett mot bøya igjen.

I AKSJON: RS Utvær og RS Sundt er viktige for dei som reiser på og langs sjøen og treng hjelp. Foto: Redningsselskapet

Samfunnsansvar

Også HLR-dokka kjem godt med for dei vel 40 frivillige som driftar laget, og sørger for at redningsskøyta er i beredskap året rundt. Ifølge redningsselskapet kostar ei slik dokke 22.000 kroner ny.

– Det er godt at Norva er med å bidra til lokalsamfunnet med sånne ting. Det set me utruleg stor pris på!

Det var Jostein Duesund i Norva som fekk æra av å overrekka gåva til dei frivillige på Utvær.

– Me ønsker å ta samfunnsansvar og visa at me bryr oss om naboar og andre som bur her. Det var lett å komma til einigheit med dei frivillige når me høyrde kva dei ønskte seg, seier han.

Stille under stormen

RS Utvær har base på Fonnes, Byrknes eller i Eivindvik, og dekker i praksis området mellom Feste i Lindås og Stavenes ved inngangen til Førdefjorden. Dei har likevel hatt lita å gjera under stormen «Aina» som har herja Vestlandet dei siste dagane.

– Folk har vore flinke og halde seg heime, seier Skår og smiler.

– Men sånn som vêret er i dag, så er det utfordrande. Men båten er ute i all slags vêr, det er me om bord som er avgrensingane.