UTFOR: Som ein ser på bildet, har den eine bilen hamna utfor vegen. Foto: Strilen-tipsar

– Det var ein person i kvar bil. Ingen vart fastklemde, men begge har komme seg ut or bilane og er oppegåande, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt. Han forstår det som at ulukka skjedde like ved Skodvin montessoriskule.

Det skal ha vore låg fart då kollisjonen skjedde, og dei to førarane er ikkje alvorleg skadde. Vegen er no open, melder politiet på Twitter klokka 16.36.

Ulukka vart meld på Twitter klokka 15.46.