Det var i 1030-tida laurdag morgon at politiet melde om ei bilulykke på Seimstranda, retning Neset.

– Her er det snakk om ein bil som køyrde på ein annan bil i 50-sona retning Neset, sa operasjonsleiar Terje Magnussen til Strilen.

– Er det melde om skadar på personar eller bilar?

– Det er ikkje store skadar, men ein av personane skal ha utrykt om smerter i eit kne.

– Veit de noko meir om årsaka til ulykka?

– Det er for tidleg å seie. Me kom akkurat fram til staden, seier Magnussen klokka 1040 laurdag.

To bilar skal vere involvert i hendinga.