Laurdag 25. august kunne Norsk Tipping ringa tre nybakte lottomillionærar. Ein av dei var ein mann frå Lindås.

Latter og jubel

Han hadde teke turen på hytta og var i full gang med matlaging då Norsk Tipping ringte han med den gode meldinga.

– Er det sant? utbraut mannen, som hadde kjøpt vinnarkupongen hos Joker Brekke.

Det tok ikkje lang tid før resten av familien på hytteturen skjønte kva telefonsamtalen handla om, og mannen måtte setja telefonen på høyttaler.

Med heile hyttegjengen på tråden vart det god stemning med både latter og jubel.

– Alltid drøymt om

– Dette er berre heilt fantastisk, dette har eg alltid drøymt om. Eg har vore med heilt sidan Lotto starta, og spelt den same rekka i alle år. No må vi setja oss ned før vi svimar av, seier mannen til Norsk Tipping.

Spelaren som no kan kalla seg lottomillionær fortel at han skal betala ned gjeld, og at det skal verta godt å ha litt ekstra på konto.

– Resten av kvelden kjem til å verta fin, men òg litt rar, sa han.

Dei andre to heldige i trekninga på laurdag var ein mann frå Bergen og ein mann frå Ålesund.