Det var i helga politiet fekk melding om at to båtar var stole frå Fyllingsnes i Lindås. Like i nærleiken fann politiet også ein forlaten båt (avbilda) ved Eikangervåg. Politiets teori var at denne båten kanskje hadde blitt brukt i samband med tjuveriet av dei to andre båtane.

– Det har vore tjuveri av to Pioner-båtar med påhengs inne på Fyllingsnes. Dei blei stole mellom fredag klokka 21 og laurdag klokka 13, seier fungerande lensmann Ivar Holmaas.

Den gule Viksund-båten (avbilda), er ifølge BA no foreina med sin eigar. Politiet vil framleis ha tips om dei to båtane som er vekke.

Det eine er ein kvit Suzuki med 9 hk påhengsmotor, den andre ein lys grå 15 hk Yamaha.

Politiet er også interessert i tips etter ein liten rib-båt, som blei stole i Bergen saman med den nemnde Viksund-båten.