Søndag formiddag, i 12-tida, fekk politiet melding om at ei dame hadde gått seg vill i Modalen.

– Det er ei dame som hadde gått tur i skogen og komme vekk frå stien. Telefonen gjekk etter kvart tom for straum, men ho klarte å melda frå om at ho trengte hjelp, seier Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland lensmannskontor.

Han legg til at det var snakk om ein utanlandsk turist.

Ein leiteaksjon vart sett i gang, og etter fleire timar ute i det kalde veret fann mannskapar frå Røde Kors henne i 16.30-tida.

Politiet gjekk ikkje ut med informasjon om hendinga i løpet av søndagen, av uvisse grunnar. Politiet kunne heller ikkje bekrefte kor redningsaksjonen fann stad.