Alle naudetatar rykte måndag kveld ut til eit vogntog som velta i Eivindvikvegen i Gulen.

– Semitraileren har velta over på sida. Førar er i sjokk og klagar over smerter i hovudet, seier operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Per Algrøy, til Strilen.

Lokalt brannvern var raskt på staden. Politiet melde då dei kom at det var svært glatt og at vogntoget hadde gode dekk.

Trafikken går som normalt, sjølv om traileren har sperra av inngongen til ein privat heim. Bilbergar er rekvirert.