– Vi er midt i prosessen med dette no, både med omsyn til sendingar og namneendringar som ei følgje av regionreforma, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK til avisa.

Han seier at distriktssendingane til NRK har tradisjon for å følgje fylkesinndelingane, og at det derfor er openbert at NRK må vurdere endringar i både namn og sendestruktur når det kjem nye fylke.

Dermed går det mot ei samanslåing mellom NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane.

Med regionreforma skal 19 fylke erstattast av elleve. Først ut var Sør- og Nord-Trøndelag som slo seg saman 1. januar 2018. Resten av endringane skal etter vedtaket tre i kraft 1. januar 2020, deriblant Hordaland og Sogn og Fjordane som blir Vestland.

Ifølgje Lillelien vil ikkje NRKs struktur for distriktskontor følgje reforma slavisk. Den nye strukturen skal vere klar i haust. Det er ikkje snakk om nedbemanning i samband med omstruktureringa.