Tone Mentzoni har lasta dette bildet, tatt i midnattssol i Lofoten, opp på Instagram.
Dette bildet, som er kjemisk fritt for høgdeskrekk, har Guri Fjellanger lasta opp på Instagram.
PADLETUR: Dette flotte padlebildet har Eirik Blindheim lasta opp på Instagram og merka med emneknaggen #strilen. Foto: Erik Blindheim

Dei aller fleste av oss tar fleire bilde enn vanleg om sommaren: Anten det er vakker solnedgang eller spennande ferieaktivitetar som skal forevigast.

Enkelt på Instagram

Med gode mobilkamera er det lettare enn nokon gong å knipsa når det gode motivet plutseleg dukkar opp.

Me håpar at du vil vera med å dela sommarminna med våre lesarar.

Nederst i denne saka ser du mange bilde som allereie er lasta opp på Instagram. Me fyller på med fleire etterkvart som dei kjem til.

Alt du treng å gjera, er å lasta dine bilde opp på Instagram og merka dei med emneknaggen #strilen

Send på e-post

Om du er blant dei som ikkje har Instagram, vil me likevel høyra frå deg. Du kan senda dine sommarbilde til desk@strilen.no Då må du huska å skriva «sommarbilde» i emnefeltet, slik at me lett kan sortera i e-postane som kjem inn.

I kvar avisutgåve no i sommar vil me presentera lesarblinkskot i papirutgåva - i tillegg til at me fyller på med sommarbilde i bildekarusellen under.

I slutten av august trekk med ut tre innsendarar som får gåvekort i posten.

Lukke til!

PS: Trykkjer du på dei to pilene nede i høgre hjørnet på bildekarusellen, får du sjå bilda i stort format. Held du musepeikaren over bilda, får du sjå bildetekst og kven som har lasta dei opp.