Tre bilar med i alt fem personar har kollidert i Radøyvegen no i ettermiddag. Fleire av dei involverte har klaga på nakke- og brystsmerter, men ingen er fastklemte kjem det fram i ei twittermelding frå Hordaland politidistrikt.
I 60-sona
Fleire ambulansar vart sendt til staden for å ta seg av dei som treng oppfølging av helsepersonell.
Ulukka har skjedd i 60-sona like sør for Storheimstø.
– Bremsa for piggsvin
I følgje Ba.no, som har snakka med Lars Geitle ved Politiet sin operasjonssentral i Bergen, skal ein bil ha stoppa for å unngå å kjøra på eit piggsvin i vegbana. Dei to bilane som kom bak skal ikkje ha klart å stoppa, og dermed vart det ein kjedekollisjon.