Operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt kunne først ikkje seia noko eksakt om talet på involverte då politiet klokka 12.31 fekk melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 57, ved Åse Gard.

– To bilar var involvert i ulukka. Det dreier seg om ei påkjørsle bakfrå sa Kolltveit.

Etter at naudetatane kom til staden blei det klart at dei to kvinnelege sjåførane var aleine i kvar sin bil.

– Den eine klaga på smerter i ei hofte. Det er også omfattande, materielle skader på dei to bilane, sa Kolltveit.

Kvinna med hoftesmerter blei sendt til Haukeland, medan den andre sjåføren blei tatt hand om av ambulansepersonell på staden.

.