Ein dag for nokre veker sidan vart dei tilsette ved bensinstasjonen i Knarvik merksame på at det stod ein barnesykkel utanfor.

Sykkelen ser heilt ny ut, og dei tilsette er redde for at det sit ei lita jente eller gut der ute ein stad og saknar han.

Ut frå måten sykkelen var plassert på, så mistenkjer dei at den er tjuvegods. At nokon til dømes har plukka han med seg på veg heim frå fest og så sett den igjen på bensinstasjonen.

No er sykkelen trygt plassert inne på stasjonen, og dei håpar på at litt omtale i avisa skal gjera det muleg å finna eigaren.