Dei siste dagane har det vore ei rekkje grasbrannar i distriktet, blant anna fordi bråtebrannar har kome ut av kontroll. No minner brannvernet og kommunane om at me går inn i ei årstid der du skal vera svært forsiktig med bruk av eld i skog og mark.

Generelt forbod

I perioden 15. april til 15. september har me eit generelt forbod i Norge mot å gjera opp eld i skog og mark utan løyve frå brannvernet.

Det finst unntak frå denne regelen, slik at det er lov å grilla og brenna bål i eigen hage, på tilrettelagte bålplassarar og andre stadar der det er heilt klart at eit bål ikkje kan medføra brann.

– Men gjer du det, så må du hugsa at all bålbrenning skjer på eige ansvar! skriv Norsk brannvern i ei pressemelding.

Kan strama inn

I lange tørkeperiodar eller ekstreme vindforhold, som gjer at faren for gras- og skogbrann aukar, kan brannvernet i kvar enkelt kommune også innføra eit forbod mot all bruk av eld utandørs.

Her kan du lesa meir om kva reglar som gjeld, og råd om brenning av hageavfall: