Hovudredningssentralen for Sør-Noreg meldte klokka 12.20 søndag at ein fridykkar blei meldt sakna etter at vedkomande ikkje kom opp etter å ha dykka i området ved Engholmen og Ådnøyna i Lindås kommune.

I tillegg til redningsskøyte, brannbåtar og helikopter, deltok det også fleire båtar som søker etter fridykkaren.

Litt før klokka 15.00 melder Hovudredningssentralen på twitter at dykkaren er funnen omkomen av dykkarar.

HER: Det er her, i området ved Engholmen og Ådnøyna i Lindås kommune ulukka skjedde. Foto: Nordhordlandskart

Mange deltar i søket

Vaktkommandør Helge Lund i 110-sentralen opplyste til Strilen at mannskap frå brannvesenet både i Bergen, Lindås/Meland og Austrheim deltok i søket.

– Brannfolk mellom anna frå dei tre nordhordlandskommunane var med både med båtar og overflatedykkarar. Også helikopter og redningsskøyte, samt sivile båtar og hundepatrulje frå politiet deltok, opplyste Lund.

Foto: Erlend Nordland Kristiansen